KONTOR/Historiskmatrikkel
Grunntakst 1778 | Branntakst 1797 | Pantebok 1802 | Matrikkel 1887 | Matrikkel 1985 | Matrikkel 1985 (Gards- og bruksnr) |
---|---|---|---|---|---|
Kontoret 9.1: Hilbrandt Harmens | 2699 | Holmedalen 1: Hilbrandt Harmens | Holmegaarden 1: Bernt Frieles sønner | Holmedalgården 1 Holmedalgården 2 |
167/1605, 167/1606 |
Kontoret 9.2: Madam Warnecke | (2699) | Holmedalen 2: Lagt til nr. 1 | Holmegaarden 2: Ditlef Martens | Holmedalsgården 5a | 167/1611 (Usikker) |
Kontoret 9.3: Wilhelm Oppermann | 2700 | Holmedalen 3: Christopher Weideman | Holmegaarden 3: Herman Friele | Holmedalsgården 3a, Holmedalsgården 3b |
167/1607, 167/1608 |
Kontoret 9.4: Ernst Bong | 2701 | Holmedalen 4: Erentz Bonge | Holmegaarden 4: Fredr. Ameln | Holmedalsgården 4 | 167/1609 |
Kontoret 9.5: Jacob Bertelsen Rieck | 2702 | Holmedalen 5: Petter Koren | Holmegaarden 5: J.C. Martens & Co | Holmedalsgården 5 | 167/1610 |
Kontoret 9.6: Felles eiendom | 2703 | Holmedalen 6: Felles eiendom | Holmegaarden 6: Felleeiendom | 167/1602. 167/1536 |
Kjelder:
- Byarkivet i Bergen: Grunntaksten 1778, BBA Tilvekst nr. 670. Protokoll 1778
- Statsarkivet i Bergen: Byfogd og byskrivar, A.d.A.5, Handelsbodene på Bryggen
- Bergen kommune, Bergen bys matrikkel 1887. Bergen 1888.
- Bergen kommune, Ommatrikulering av Bergen sentrum. Bergen 1985.
Grunntaksten 1778 etablerte faste nummer for Bergen by. Hus og grunn i dei 24 rodene, sjø- og pakkbodene i Skuteviken, sjø- og pakkbodene i Sandviken og Handelskontoret (Bryggen) fekk faste nummer. Innafor kvar av desse fem områda fekk hus/grunn faste nummerseriar som tok til med "1". Nummersystemet i grunntaksten 1778 blir ofte kalla "rodesystemet", men dei faste nummerseriane blei samstundes etablert for dei andre områda.
For Handelskontoret (Bryggen) blei Finnegaarden tildelt nr. 1, Dramshuusen nr. 2 osb. og innafor kvar av gårdane blei stuene tildelt nummer frå 1 til 7. felleeigedomen fekk alltid siste og høgste nummer innafor gården.
Branntaksten 1797 var den fjerde i rekkja av branntakstar sidan 1767. Branntakstane skulle ha løpande nummer for heile byen frå 1 til ca. 3000. Nummeret blei endra frå ein takst til neste, men frå 1797 blei brantakstnummera faste.
Panteregisteret 1802-06 er det første realpanteregisteret for Bergen. Realpanteregisteret var organisert etter grunntaksten 1778 og brukte same nummersystem. I tillegg blei eigedomar ført inn med det korrepsonderande branntakstnummeret etter branntaksten 1797.
Ved matrikkelen-revisjonen i 1887 blei nummersystemet i grunntaksten 1778 konvertert til ein gatebasert matrikkel. Matrikkelen 1887 var basert på gatenamn og gatenummer. For området Kontoret/Tyskebryggen (Bryggen) blei gaardsnamnet brukt som gatenamn. Dei enkelte eigedomane fekk gatenummer som tilsvarte nummeret etter grunntaksten 1778 = panteboka 1802.
Ved matrikkel-revisjonen i 1985 (etter delingslova 1979) skulle alle grunneigedomar ha gards- og bruksnummer. Eigedomane innafor bydelen "Bergenhus" fekk gardsnummer 167 og tildelt bruksnummer etter ein konverteringstabell. Konverteringstabellen inneheld gatenavn, gatenummer og korresponderande gards- og bruksnummer.